Nytt vernepleiarstudium trekkjer studentar frå heile landet

Nytt vernepleiarstudium trekkjer studentar frå heile landet
Aldri før har det vore mogleg å studere nett- og samlingsbasert vernepleie på heiltid i Noreg. No blir det nye, unike studiet ved Nord universitet fylt opp av studentar som vil kombinere jobb, familieliv og ei framtid i eit av dei mest etterspurde yrka i landet.

Saka oppsummert

Oppsummeringa er laga med kunstig intelligens og kvalitetssikra av artikkelforfattaren.

Hausten 2025 starta Nord universitet opp landets første nett- og samlingsbaserte bachelor i vernepleie på heiltid. Studiet blir tilbydd ved studiestadene i Namsos og Bodø og har rundt 80 studentar.

Erfaringane så langt tyder på at ei slik organisering kan opne døra til høgare utdanning for langt fleire enn før.

Vernepleie - voksen kvinnelig foreleser foran studenter inne i forelesningssal.
I Namsos og Bodø: Anita Berg er studieprogramansvarleg for vernepleie ved Nord universitet. 40 av studentane på den nye nett- og samlingsbaserte utdanninga tar studiet her i Namsos, medan dei andre 40 er i Bodø. Foto: Bjørnar Leknes.

– Dette er framtidas måte å utdanne vernepleiarar på, seier studieprogramansvarleg Anita Berg.

Ho understrekar at målet er å kombinere tilgjenge med høg fagleg kvalitet, slik at fleire kan ta utdanning utan å måtte flytte eller setje livet på vent.

Fann studieretninga som passa

Vernepleie - ung mannlig student i ei kantine. Han har på seg ytterjakke og caps.
Omsorg og empati: Petter Joelsen er klar på at om du skal bli vernepleiar, må du like å jobbe med mennesker og ha lyst til å yte omsorg. – Du må ha empati, og føle at det gir meining å dra på jobb, seier han. Foto: Bjørnar Leknes.

Blant studentane i Namsos finn vi Petter Joelsen frå Lillehammer. Han jobbar allereie i helsevesenet og ønskte formell kompetanse for å utvikle karrieren vidare.

– Å studere vernepleie her er veldig ålreit. Det er eit nytt opplegg, så vegen blir litt til undervegs, men samarbeidet mellom studentar og fagtilsette er godt, seier han.

Dette er framtidas måte å utdanne vernepleiarar på.

Anita Berg, studieprogramansvarleg

Han fortel at nettundervisning tre dagar i veka kombinert med samlingsveker gir struktur, samstundes som han får kombinert studium med arbeid.

– Vernepleie passar meg utmerkt. Du må like å jobbe med menneske og ha lyst til å hjelpe. Studiet gir òg innsikt i lovar, reglar og profesjonsetikk – alt du møter i jobbkvardagen.

Ei organisering som opnar dører

Vernepleie - voksen mannlig student og ung kvinnelig student sitter i hver sin stol, smiler og ser i kamera. De er inne i en kantine.
På rett kurs: Stefan Skulstad og Jannicke Strømmen tar vernepleiarutdanning i Namsos. – Etter eit halvt år som student her kjennes det bra ut. Eg er på rett veg, seier Jannicke. Foto: Bjørnar Leknes.

For Jannicke Strømmen (27) frå Namsos er det nettopp fleksibiliteten som gjer studiet attraktivt.

– Nett- og samlingsbasert gir fleire moglegheiter for fleire til å studere. Folk med barn eller som bur langt unna kan delta utan å flytte, seier ho.

For meg betyr det mykje å kunne utgjere ein forskjell for andre menneske.

Jannicke Strømmen

Sjølv om ho trivst godt på campus og gjerne skulle hatt meir fysisk undervisning, er ho tydeleg på at ho har valt rett retning:

– Så langt kjennest det bra. Eg er på rett veg. For meg betyr det mykje å kunne utgjere ein forskjell for andre menneske.

Frå saueklipping til Canvas

Vernepleie - voksen mannlig student i sort genser. Han står inne i en kantine.
Stort sprang: Aller helst skulle eg fått studert på heiltid med oppmøte her på universitetet. Men det fine er at eg no kan studere heimefrå, og at eg slepp å reise til og frå campus heile tida, seier den tidlegare sauebonden Stefan Skulstad. Foto: Bjørnar Leknes.

Stefan Skulstad (49) frå Namdalseid skildrar studiestarten som både krevjande og motiverande. Han hadde eigentleg sett føre seg eit meir tradisjonelt studieløp.

– Eg er meir van med å handtere sau, gjetarhund og sauesaks enn å leite meg fram i Canvas, seier den tidlegare sauebonden med eit smil.

Likevel opplever han at fellesskapen i studentgruppa gjer overgangen lettare.

– Det er kjempeartig, utfordrande og annleis. Alle er hjelpsame, særleg med det digitale. Det set eg stor pris på.

Mange her har jobberfaring og livserfaring. Det gjer diskusjonane rikare.

Stefan Skulstad

Han meiner òg at høgare gjennomsnittsalder blant studentane er ein styrke.

– Mange her har jobberfaring og livserfaring. Det gjer diskusjonane rikare, og eg kjenner at eg kan bruke mykje av det eg allereie kan.

Studium som passar familielivet

Vernepleie - ung kvinnelig student med briller og ytterjakke på. Hun står inne i en kantine og ser i kamera.
Samanspleisa: Sjølv om dei ikkje møtast veldig ofte, føler Helene Aasbak at studentane i kullet er veldig samanspleisa. – Vi nyttar tida vi har saman på samlingane så godt, med både klassefestar og sosiale happenings, seier ho. Foto: Bjørnar Leknes.

Helene Aasbak (27) frå Stjørdal har to små barn og trekkjer fram at denne studiemodellen gir henne og familien ein rolegare kvardag.

– Eg slepp å stresse med levering i barnehagen før førelesing. Eg kan lage meg kaffi og logge på heimanfrå. Vi mistar noko av det sosiale, men tek det att i samlingsvekene, seier ho.

Vi mistar noko av det sosiale, men tek det att i samlingsvekene.

Helene Aasbak

Ho meiner vernepleiarutdanninga skil seg ut ved å kombinere fleire fagfelt.

– Du lærer både pedagogikk og sjukdomslære. Som vernepleiar kan du jobbe nesten overalt der menneske treng hjelp. Det gir mange moglegheiter.

Du kan velje å flytte – eller la vere

Vernepleie - to unge mannlige studenter som holder rundt hverandre. De står inne i et universitetsbygg.
Stortrivst på samling: Christoffer Helland Jensen (til venstre) og Thomas Fresvik tar utdanninga ved Nord universitet i Bodø. Foto: Ellisiv Flatval.

Å vere student på eit nett- og samlingsbasert studium gir stort rom for å tilpasse eigen kvardag og kvar ein ønskjer å bu. Christoffer Helland Jensen (21) har flytta frå Klæbu til Bodø for å studere vernepleie, medan Thomas Fresvik (21) bur og jobbar i Sandnessjøen.

Begge har arbeidserfaring som hjelpte dei på vegen mot å velje utdanning. Medan Thomas har jobba fleire år i tilrettelagd bustad, har Christoffer hatt jobb i barnevernet sidan han var 19 år. I dag kombinerer Thomas studia med deltidsjobben i Sandnessjøen, medan Christoffer har deltidsjobb både i Bodø og i Trondheim.

– Eg ville flytte til Bodø for å studere, få nye opplevingar, fleire vener og eit sosialt nettverk. Eg har blitt kjend med studentar på mange andre studium her, mellom anna gjennom fadderveka, seier Christoffer.

For han var friluftslivet i Bodø noko som verkeleg lokka han til å byte bustad.

– Det som er så greitt, er at dei fine dagsturane i fjellet berre er ein liten køyretur unna, seier han.

Vernepleie - gruppebilde av unge studenter. De står inne ved en åpen dør.
Erfaring og mangfald: Vernepleiarstudiet har ein god miks av studentar frå 19 til rundt 50 år, fordelt på Bodø og Namsos. Foto: Ellisiv Flatval.

Medan Christoffer lever studentlivet i Bodø, reiser Thomas med båt frå Sandnessjøen til Bodø for å følgje samlingane. Han fortel at studentane jobbar i faste grupper mellom samlingane, noko som gjer at dei blir godt kjende med kvarandre.

– Eg stortrivst på samlingane. Vi har som regel noko sosialt saman minst éin kveld, og vi inkluderer alle.

Begge meiner det er ekstra fint at vernepleiarstudiet har ein god miks av studentar frå 19 til rundt 50 år.

Det er òg viktig med eit mangfald av menneske, slik som i arbeidslivet vi skal ut i.

Thomas Fresvik

– Dette er ein stor fordel i undervisninga fordi fleire har mykje erfaring og historier det er nyttig for andre å høyre om. Det er òg viktig med eit mangfald av menneske, slik som i arbeidslivet vi skal ut i, seier Thomas.

Eit studium for framtidas behov

Vernepleie - voksen kvinnelig foreleser holder i en blå putemikrofon. I forgrunnen ser vi ryggen på flere studenter som sitter i forelesningssalen.
Auka tilgjenge: – Modellen med nett og samlinger gjer at studiet når nye grupper, mellom anna vaksne med arbeidserfaring, familiar og folk som bur langt frå campus, seier Anita Berg, studieprogramansvarleg. Her framfor studentane i Namsos. Foto: Bjørnar Leknes.

Vernepleiarar er etterspurde i ei rekkje sektorar, frå helse og NAV til skule og spesialisthelsetenesta. Nett- og samlingsmodellen gjer at studiet når nye grupper, mellom anna vaksne med arbeidserfaring, familiar og folk som bur langt frå campus.

Ifølgje studieprogramansvarleg Anita Berg handlar satsinga om meir enn berre undervisningsform.

– Ambisjonen er å utdanne kompetente vernepleiarar som kan møte framtidas behov i tenestene, samstundes som vi gjer studiet tilgjengeleg for fleire, seier ho.

Ein ny veg inn i profesjonen

Første kull viser at studiemodellen både utfordrar og inspirerer. Studentane skildrar ein start prega av tekniske tersklar og nye rutinar, men òg meistring, fagleg utvikling og eit sterkt ønskje om å bidra i menneske sine liv.

Petter Joelsen oppsummerer det slik:

– Det viktigaste er å ville jobbe med folk og skape relasjonar. Har du det i deg, er dette eit yrke som gir meining kvar einaste dag.

Bachelor i vernepleie

Vil du arbeide for like moglegheiter og betre tenester for alle? Bachelor i vernepleie gir deg praksisnær kompetanse i medborgarskap, samarbeid og framtidas helse- og velferdsarbeid.

  • Studieform: Heiltid
  • Organisering: Samlingsbasert (digital undervisning + fysiske samlinger)
  • Studiestad: Namsos og Bodø
  • Søknadsfrist: 15. april 2026
Kontaktperson