Guro Wisth Øydgard inn som fungerande prorektor utdanning

Guro Wisth Øydgard inn som fungerande prorektor utdanning
I perioden Levi Gårseth-Nesbakk er fungerande rektor går Guro Wisth Øydgard inn som fungerande prorektor for utdanning.

I samband med at rektor ved Nord universitet, Hanne Solheim Hansen, i januar fekk kreftdiagnose, gjekk prorektor for utdanning Levi Gårseth-Nesbakk inn som fungerande rektor. Solheim Hansen skal gjennom eit behandlingsløp som truleg strekkjer seg fram mot sommaren.

I den samanhengen held Levi Gårseth-Nesbakk fram som fungerande rektor inntil vidare. Guro Wisth Øygard går i same periode inn som fungerande prorektor for utdanning.

– Guro Wisth Øygard har lang røynsle i universitetssektoren og ved Nord universitet. Vi set stor pris på at Guro har takka ja til å gå inn i ei viktig rolle. Dette blir ei god løysing for oss, seier fungerande rektor Levi Gårseth-Nesbakk.

Guro Wisth Øygard er i dag prodekan for utdanning ved Fakultet for samfunnsvitskap ved Nord universitet. I perioden Øygard går inn som prorektor, fungerer Line Kolås som prodekan for utdanning ved Fakultet for samfunnsvitskap.

Kontaktperson