Nord etablerer nytt doktorgradsprogram 

Nord etablerer nytt doktorgradsprogram 
Styret ved Nord universitet har vedteke å etablere eit nytt ph.d.-program med helsevitskapleg profil.

Dette blir det femte ph.d.-programmet ved universitetet.

Programmet skal leggjast til Fakultet for sjukepleie og helsevitenskap (FSH) og vil bidra til å styrkje forskings- og utdanningsporteføljen ved universitetet.

Vedtaket som vart gjort i dagens styremøte, inneber òg at rektor får i oppdrag å greie ut moglegheita for å utvikle bachelor- og masterprogram innan samfunnstryggleik, som på sikt kan leggje grunnlaget for eit framtidig ph.d.-program på dette området.

Styrkjer eit etablert fagmiljø

Den helse­vitskaplege profilen vart vald etter ein omfattande analyse av tre alternative faglege retningar: helse­vitskap, innovasjon og entreprenørskap, samt samfunnstryggleik. Analysen viser at helse­vitskap er det mest kostnadseffektive og realistiske alternativet, med gode moglegheiter for raskare etablering.

– Fakultet for sjukepleie og helsevitenskap har eit sterkt fagmiljø, rettleiingskompetanse, relevant forskingsinfrastruktur og etablerte masterprogram, som gir eit solid grunnlag for oppstart, seier dekan Gøril Ursin.

– Dette er ei satsing som vil styrkje både forskingskapasiteten og den faglege breidda ved Nord universitet, samstundes som ho svarar på viktige samfunnsbehov, seier konstituert rektor Levi Gårseth-Nesbakk.

Programmet er venta å kunne starte opp i løpet av 2027 eller tidleg i 2028.

Svært samfunnsrelevant satsing

Leiinga ved universitetet ser fram til å etablere det nye doktorgradsprogrammet.

– Helsetenesta står overfor store og komplekse utfordringar, og då treng vi solid, forskingsbasert kunnskap. Det nye doktorgradsprogrammet vil bidra til å styrkje forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling som er nødvendig for framtidas helseteneste, seier Ursin.

Vidare vurdering av samfunnstryggleik

Styret og leiinga peikar òg på at samfunnet sitt behov for kompetanse innan beredskap og samfunnstryggleik er betydeleg og aukande. For å kunne etablere eit framtidig doktorgradsprogram på dette området, skal rektor difor undersøkje korleis slike studieløp kan byggjast opp, slik at dette kan bli eit aktuelt alternativ i framtida.

Med desse avgjerdene tek Nord universitet nye steg i utviklinga av forskingsporteføljen, med tydeleg relevans for samfunnet sitt behov for høg kompetanse, både innan helse og samfunnstryggleik.