Denne artikkelen er over ett år gammel.
For første gong inviterte Nord universitet til karrieredag for studentar på alle fagretningar i Levanger. 26 arbeidsgivarar, i hovudsak trønderske kommunar, stod klare til å møte 150 studentar frå Nord universitet under karrieredagen i Trønderhallen nyleg. For studentane gav dette eit innblikk i moglegheitene regionen kan tilby.
Dagen starta med eit inspirerande og tankevekkande føredrag av Eirik H. Mortensen, som er skodespelar og Utøya-overlevande. Deretter opna “vrimleområdet”, der arbeidsgivarane stod klare på stands for å vise seg fram.
Flyttar etter drømmejobben
Nede i hallen møter vi tre studentar frå sosialt arbeid. Dei er i gang med å svare på ein digital quiz om Åfjord kommune, medan Tord Langvold fortel om kva kommunen kan tilby dei.
Studentane er snart ferdige med bachelorgraden sin i sosialt arbeid, og meiner det er svært mange moglegheiter for dei i arbeidslivet.
– Vi er liksom potetane innanfor helse- og sosialsektoren, seier student Marianne Oppedal Kirkholt.
– Der det er menneske, der kan vi jobbe. Og det er så mange spennande stader, legg medstudent Tilde Klynderud til.
– Skule, psykiatri, kriminalomsorg og krisesenter til dømes.
Det har egentlig ikkje noko å seie kvar i landet eg hamnar. Eg er opptatt av å finne meg ein jobb eg vil ha, ein stad å bu og noko sosialt å drive med, det er viktig.
Marianne Oppedal Kirkholt, student på sosialt arbeid
Tilde Klynderud er frå Lofoten, men valde å søke seg til studiar i Levanger.
– Trøndelag høyrdest fint ut, og eg hadde lyst å prøve noko litt nytt, seier ho om studievalet.
Når ho no skal ut i arbeidslivet er ho open for å flytte på seg igjen.
– Får eg med meg sambuaren så er eg nøgd, og kan dra kvar som helst, smiler ho.
Det same gjeld Marianne Oppedal Kirkholt, som er nordmøring.
– Det har ikkje noko å seie kvar eg hamnar eigentleg. Eg er opptatt av å finne meg ein jobb eg vil ha, ein stad å bu og noko sosialt å drive med, det er viktig.
For Maiken Brevik tel geografi litt meir. Ho har sambuar som jobbar i Levanger og ønskjer å finne ein jobb i nærleiken. Alle tre er uansett nøgde med å kunne gå rundt på karrieredagen og snakke med potensielle arbeidsgivarar, og er imponerte over innsalet deira i hallen.
– Særleg dei små kommunane er flinke til å selje seg inn, seier Tilde Klynderud.
– Vi kjenner jo på ein del usikkerheit framfor vegen vidare, så då er det veldig nyttig og gå rundt og snakke med folk som faktisk jobbar i dei stillingane vi kan hamne i, seier Kirkholt.
Satsar på å lokke studentar til sin kommune
Heim kommune stilte manns- og kvinnesterkt i Trønderhallen, der til og med ordføraren var på plass for å freiste studentane med kommunen sitt tilbod.
– Vi er ein liten kommune, og då må vi vise oss fram litt, smiler ordførar Marit Liabø Sandvik, medan ho raust deler ut vesker fylt med brusboksar til studentar som stoppar på standen.
– Nord universitet er ein viktig rekrutteringsarena for oss. Det er jo ein av våre næraste utdanningsinstitusjonar som har det vi treng, nemleg lærarar, sjukepleiarar og barnehagelærarar, fortel ordføraren.
– Det er ikkje så langt frå Levanger til Heim, og mange av studentane verkar veldig opne for kvar dei set kursen etter studiane. Vi håpar vi har gjort dei litt nysgjerrige på kva vi kan tilby, seier Sandvik.
Skal takle "praksissjokket"
På Malvik kommune sin stand, lyttar fire studentar frå grunnskolelærerutdanninga 5.-10. trinn interessert til kva rektor ved Sveberg skule, Thomas Boffey Mæhlen, fortel om korleis dei tek imot nytilsette. Mellom anna har dei mentorordningar. Det verkar trygt for dei ferske lærarane, som skal ut i sin første jobb.
– Eg er veldig spent på det å byrje å jobbe, fortel femteårsstudent Austėja Liutkutė frå Frøya.
– Det er utruleg trygt å vere student, så det blir nok litt sjokk når vi kjem ut i arbeidslivet. Men det får det berre bli. Det blir veldig spennande, smiler ho.
Ho syntest det Thomas Boffey Mæhlen fortel om korleis dei jobbar med aktiv læring på skulen hans, høyrest bra ut.
– Det er gøy å gjere noko meir enn å berre undervise i klasserom, så det er positivt at dei har mykje fokus på det.
Studentane har også innsett at det å vere lærar, er så mykje meir enn berre å undervise.
– Vi hadde ei temaveke på studiet om barn i sorg og krise. Det var nok ein realitetssjekk for mange av oss, fortel Liutkutė.
Vi gjenta arrangementet årleg
Ansvarleg for karrieredagen, rådgivar Geir Gran, er nøgd med arrangementet.
– Tidlegare har vi kun gjennomført fagspesifikke karrieredagar, mellom anna for lærarstudentar. Men vi ser fordelane med å opne for alle fagretningar, så det ønsker vi å gjere kvart år framover, seier Gran.