Bachelor i naturforvaltning
Se studieprogramStudiet i naturforvalting består i hovudsak av biologiske og forvaltningsrelaterte emne. Du lærer m.a. om biologisk mangfald, forvalting av vilt og fisk, landskapsplanlegging og forvalting av norsk natur. Studiet gjer ei brei biologisk basiskunnskap som grunnlag for å kunna forvalte naturressursane våre. Mykje av undervisninga er praktisk retta i form av øvingar, feltkurs og ekskursjonar. Emne som geologi, vegetasjon, økologi, zoologisk artslære, botanisk artslære, naturregistrering, naturforvalting, arealplanlegging, kart og GIS (geografiske informasjonssystem) er sentrale.
Emna i siste del av studiet legg vekt på å knyta undervisninga til reelle forvaltingssituasjonar i dagens samfunn. I emnet Naturforvalting (NAT330) vert det gjennomført ein ekskursjon til utlandet. Gjennom bacheloroppgaven i 3. studieår får du høve til å fordjupe deg fagleg i eit sjølvvalgt tema, gjerne i samarbeid med eksterne oppdragsgjevarar eller som deltakar i eit av forskingsprosjekta våre.
Undervisninga vert gjennomført med førelesningar, gruppearbeid og øvingar. I tillegg inneheld dei fleste emne feltkurs, ekskursjonar og prosjektoppgåver. Delar av undervisninga føregår i felt: m.a. praktisk elgjakt, sporing av store rovdyr, el-fiske og rypetakseringar. Delar av undervisninga kan bli gjeven på engelsk.
Studiet gjer eit godt grunnlag for yrkeslivet.
Etter fullført studium skal studenten:
Kunnskap:
- ha brei kunnskap om natur og forvalting av natur i Noreg
- ha inngåande kunnskap om flora, fauna og andre relevante delar av det biologiske mangfaldet
- ha kjennskap til forskning- og utviklingsarbeid innan natur- og utmarkforvalting
- ha kunnskap om norske forvaltingssystem, historia til faget, tradisjonar og egenart i samfunnet
- ha god oversikt over relevante lover og forskrifter
Evner:
- kunne dei grunnleggande evner knytt til å gjennomføra naturregistrering, kartlegging og overvåkning, herunder å bruka GIS og anna verktøy i dette arbeidet
- kunne samla inn, samanstille, analysera og diskutera anvendelsen av eigne data og resultat, som ein del av det å skriva ein fagrapport som belyser ei nærare definert problemstilling
- kunne nytta relevante offentlege lover og forskrifter i forvaltingsarbeid, eksempelvis gjennom planlegging, saksarbeid og konsekvensutgreiingar
- kunne nytta den faglege kompetansen sin, som mellom anna er knytt til relevant forsking på praktiske og teoretiske problemstillingar innanfor natur- og utmarkforvalting
Generell kompetanse:
- kunne planlegga og gjennomføra varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine eller som deltakar i ei større gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kunne formidla sentralt fagstoff skriftleg og munnleg både til allmennheten og til andre innan natur- og utmarkforvalting
- kunne utveksla erfaringar og synspunkt med andre fagfolk innan natur- og utmarkforvalting
- ha innsikt i fagets yrkesetiske problemstillingar og kunne reflektera over fagleg utøving og justera ved behov
- ha kjennskap til nytenkning og innovasjonsprosessar
Opptak til studieprogrammet krever generell studiekompetanse
Søkere som ikke har generell studiekompetanse, og er 25 år eller eldre, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse:
I tillegg til dei generelle krava for realkompetanse ved Nord universitet gjeld følgjande fagspesifikke krav for realkompetanseopptak på studiet:
Relevant arbeidserfaring knytt til t.d. jakt, fiske, forvalting og skjøtsel av naturen.
Naturforvalting er eit internasjonalt fagområde med felles nasjonale og globale utfordringar. Internasjonal erfaring og kjennskap til internasjonalt fagspråk er derfor viktig i utdanninga.
Nord har avtalar med ei rekke universitet over heile verda. som gjer det mogleg å ta eit semester i utlandet som en del av studiet. Som student på bachelor i naturforvaltning har du moglegheit til å reisa på utveksling i 4. semester. Ta kontakt med internasjonal koordinator på fakultetet, Jeanett Stegen, for å høre mer om mulighetene dine.
Her finner du en oversikt over partneruniversiteter du som student i naturforvaltning kan reise til:
AUSTRALIA
James Cook Univresity
Charles Darwin University
Deakin University
CANADA
Memorial University of Newfoundland
University of Northern British Columbia
St. Francis Xavier University
Lakehead University
University of Saskatchewan
USA
Humboldt State University
University of Minnesota - College of Food, Agricultural and Natural Resource Management (CFANS)
University of New England
University of Alaska Fairbanks
DANMARK
Roskilde University
UNGARN
Szent Istvan University
NEDERLAND
Wageningen University
SKOTTLAND
University of Stirling
SVERIGE
University of Gothenburg
RUSSLAND
Russian State Hydrometeorological University (RSHU)