Faggruppe for grunnskulelærarutdanning

Faggruppa for grunnskulelærarutdanning (GLU) tilbyr både nett - og samlingsbaserte og campusbaserte studiar i vår femårige mastergrad i Bodø, på Nesna og i Levanger.

Fagmiljøet har hovudfokus på undervisning, forsking og formidling. 

Nær 110 årsverk leverer inn til grunnskulelærarutdanninga. I 2021 var publiseringsaktiviteten høgare enn nokon gong for Nord universitet, noko som og kjem til syne i både undervisning og formidling.

Nord universitet synleggjer ansvaret sitt for sør- og lulesamisk språk og kultur gjennom tilbodet om sør- og lulesamisk grunnskulelærarutdanning.

​I tillegg er internasjonalisering eit viktig område for grunnskulelærarutdanninga, og vi har tilbod om  student- og ansattutveksling til anerkjente universitet i Europa, Asia, og Amerika. GLU har eit godt samarbeid med universitet som har lærarutdanningar med høg kvalitet og godt omdømme, og studentar med denne erfaringa blir attraktive på arbeidsmarknaden.

Faggruppa har fire universitetsskular​​ som er ein viktig del av samarbeidet mellom vertskommunane, universitetet og praksisfeltet. Her ligg det til rette for eit forskings- og utviklingsarbeid som skapar nærleik og relevans mellom praksis og utdanning. 

Vi er opptekne av at både studentar og fagtilsette skal kjenne tilhøyring og meistring. Nærleik til studenten – det å bli sett – er viktig for oss.​

Faggruppeleder: Heidi Kristin Holmen

Studieprogramkoordinator Bodø: Charlotta Maria Langejan

Studieprogramkoordinator Nesna: Lisa-Mari Vilhelmsen

Studieprogramkoordinator Levanger: Knut Moksnes

Elev som skriver på tavle.

Forskningsgruppe

Oppdatert
11.03.2026
Oppdatert av
Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag