I 2023 markerte forskingsgruppa for litteratur og didaktikk ved Nord universitet 100-årsjubileet til Olav Duuns Juvikfolke med ein konferanse i Levanger. Konferansen vart eit vellukka arrangement og det har sidan komme ein antologi basert på innlegga (Olav Duun. Menneske og natur, Fagbokforlaget 2026).
I år er nok eit merkeår, ettersom det er 150 år sidan forfattaren vart fødd. Forskingsgruppa, saman med Grethe Fatima Syéd ved Høgskulen på Vestlandet, arrangerer difor ein ny konferanse med tittelen Olav Duun. Dialogar.
Duuns forfattarskap er av stort format. Han var nobelpriskandidat i store delar av mellomkrigstida og vart omsett til mange språk. Sjølv om verket på grunn av sin høge litterære standard aldri har vor ute av kanon, han han med tida blitt mindre lesen, og med denne konferansen ønskjer vi å bidra til auka forskings- og formidlingsinnsats, både litteraturvitskapeleg, litteraturdidaktisk og tverrfagleg, til å skape kontinuitet i det gode arbeidet som starta i 2023, og til å styrke og utvide Duun-miljøet i Norge.
I språk og motiv har Duuns forfattarskap regional forankring. Han var fødd på Jøa i Ytre Namdalen og gjekk lærarskulen nettopp i Levanger. Men tematikken er universell, og tekstane har vist seg å vere slitesterke og opne for stadig nye aktualiseringar. Vi inviterer difor til på nytt til konferanse.
Denne gongen har vi sett tittelen til Dialogar, fordi vi ønskjer nylesingar av tekstane hans gjennom eit 2026-blikk, der dialogar både i sjølve tekstane og mellom tekstane og ulike kontekstar blir løfta fram. Kva slags dialogar stod Duun sjølv i? Korleis kan diktinga hans, som stadig tar for seg forholdet mellom «den eine og dei andre», hjelpe oss til å forstå den samtida vi i dag lever i, ei tid der utanforskap rammar mange og vi ikkje lenger kan ta demokratiet for gitt? Kan vi bruke naturskildringane hans til å forstå og endre våre eigne relasjonar til ein natur som står i ein global og prekær krise? Korleis opplever dagens studentar det å lese Duun? Korleis kan ein ta tekstane ut i skuleverket?
Konferansen går føre seg frå lunsj til lunsj 23.-24. september 2026 på campus Røstad, og vi planlegg at også denne skal resultere i ein vitskapleg antologi. Det vil likevel vere ope for alle å delta som publikum. Deltakaravgift er kr 600 for fast vitskapleg tilsette, 200 for studentar og andre. I desse kostnadene ligg lunsj og kaffe. Det vil også vere mogleg å melde seg på festmiddag onsdag kveld, kr 765.
Som keynote er bekrefta Sissel Furuseth, professor i Nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo, og Gunnar Foss, professor emeritus i nordisk litteratur ved NTNU. Det blir dessutan eit kulturelt innslag i samarbeid med litteraturfestivalen LittMidt, som også finn stad desse dagane.
Send abstract på 200–300 ord til Hallvard Kjelen (hallvard.kjelen@nord.no) innan 1.6.
Påmeldingsfrist til konferansen (utan innlegg): 1.9.
Program for konferansen kjem seinare.
Overnatting:
Thon Hotel Backlund, Kirkegata 41, 7600 Levanger
Enkeltrom: 1695,- per rom. Referanse Block ID 30850756, gyldig til 3.9.
Epost: backlund@thon.no
Telefon: 74081600
Velkommen til Levanger i september!
Med venleg helsing
Haakon Halberg, Hallvard Kjelen, Snorre Johansen og Grethe Fatima Syéd
